Aktuelt

NJKF arrangerer 19.-22. september 2012 Nordisk landmålerkongress på Grand Hotel i Oslo. Gå til kongressens hjemmesider her:


Ledige stillinger

Fjellkraft_logo_mini

Fjellkraft A.S
Jordskiftekandidat
(Oslo)
Les mer

header_logo

Her er det plass til din annonse
Ta kontakt for tilbud!
(Leiv.Bjarte.Mjos@hib.no)
Les mer

Kurs og konferanse

  • Servitutter
    Når: 05.03.2012 - 05.03.2012
    Sted: Bergen
    Les mer
  • Areal og Eiendom 2012
    Når: 07.03.2012 - 08.03.2012
    Sted: Thon hotel, SKi
    Les mer
  • FIG Working Week 2012
    Når: 06.05.2012 - 11.05.2012
    Sted: Roma, Italia
    Les mer
  • Nordisk landmålerkongress
    Nordisk landmålerkongress blir arrangert på Grand Hotel.
    Når: 19.09.2012 - 22.09.2012
    Sted: Oslo
    Les mer

Norge i nabokrig

Eit stadig tilbakevendande tema i nyheitsmedia er dei mange nabokonfliktene i Norge. Sist ute i så måte er VG fredag 27. januar 2012, som melder at det er ein eksplosiv auke i talet på saker som vert handsama i konflikråda. Som eksempel vert Per Olaf Lundteigen sitt dårlege naboforhold til jordbrukssjefen i Øvre Eiker, bretta ut. Lundteigen er altså slett ikkje aleine, og det er eit faktum at mange grunneigarar i Norge er inne i, eller vil havne i, ein liknande situasjon som Lundteigen. Ofte er uklåre eigedomsforhold den underliggjande årsaka til at naboar går i tottane på kvarandre.

Det har lenge vore kjent mellom fagfolk at det er mange fleire grensetvister i Norge enn i andre land som vi gjerne samanliknar oss med.  Medan grensetvister berre  heilt unntaksvis ender i rettsystemet i nabolanda våre Sverige og Danmark, vert det i jordskifterettene aleine handtert meir enn 1000 rettstvister om eiendomsgrenser og servitutter m.v. pr. år. Når det vert oppslag i media om grunneigarar som er i “nabokrig”, er gjerne fokus på personar, og ikkje på dei bakenforliggjande svakheitene i vårt norske system for eiendomsregistrering som fører til uklår og tvetydig informasjon om grenser og rettar.

Nabolanda våre har landmålarprofesjonar med høge kvalifikasjonskrav, og spørsmål om uklåre grenser og rettar vert gjerne løyst av landmålarar før det vert konflikt. I Danmark vert det kravd 5 års universitetsutdanning og 3 års praksis før ein landinspektør får beskikkelse. I Danmark kan ein grensetvist ikkje bringast inn for rettsapparatet, før ein landinspektør har utført ei skelforretning. I skelforretningen vil landinspektøren ta stilling til kor grensa går. Denne avgjerda kan partane klage inn for det ordinære rettsapparatet. Det er i snitt 50 skelforretningar i året i Danmark, i dei aller fleste av desse vil partane akseptere den avgjerda landinspektøren kjem fram til. I omlag 10 % av skelforretningane, dvs. 5 saker i året, vil landinspektørens avgjerd verte anka inn i rettsapparatet. 

I Norge har vi ikkje fått etablert denne type landmålarsystem. Heilt fram til 1980 vart eigedomsdelingar utanfor byane utført av lekfolk (skylddelingsmenn), utan nøyaktig oppmåling og kartlegging. Når det vart innført oppmålingsplikt i 1980 og denne oppgåva vart lagt til kommunane, så vart det ikkje innført bindande krav til landmålar (bestyrar) si utdanning og kompetanse.  Det vart i 2005 i ny matrikkellov vedteke å innføre kompetansekrav til landmålar. Dette vart teke bort  ved lovendring i 2007, med Senterpartiet som regjeringspart. Slik sett vil kanskje enkelte hevde at Per Olaf Lundteigen møter seg sjølv i døra, i sin nabokonflikt.

njkf.no kjenner ikkje til at det er andre land enn Norge som har system med pliktig oppmåling og kartlegging ved eigedomsdeling eller eigedomsendring, utan bindande krav til utdanning og kompetanse for den som utfører dette arbeidet. I Norge er det kommunane som kan utføre eigedomsdelingar og etablering av festegrunn, og kommunane kan på fritt grunnlag utpeike landmålar etter matrikkelova.

Eigedomskonflikter og landmålarsystem vil vere emner som vert teke opp ved Nordisk landmålerkongress 2012 som vert arrangert 19.-22. september i Oslo. 

Les meir om korleis dei mange eiendomstvistene i Norge kan forklarast med eigenskapar i vårt matrikulære system, i ein artikkel i Kart og Plan nr. 3/2011: Eigedomstvistar og matrikkelsystem

M.a i Nationen kan du lese meir om Lundteigens nabokonflikt her.

Legg igjen en kommentar