FIG – International Federation of Surveyors – organiserer det faglege arbeidet i 10 kommisjonar. FIG Commission 7 – Cadastre and Land management arbeider med spørsmål knytt til matrikkel og tinglysing, og hadde sitt årlege møte i Innsbruck 26. – 30. september 2011.
Delegater frå meir enn 30 land deltok ved møtet, som var lagt opp med innleingsvis 3 dagar med faglege presentasjonar og diskusjonar.
Om onsdagen var det ei utflukt til BEV Cadastral Office i Kufstein. BEV er Kartverket i Austerrike, som har ansvaret for katasteret (kataster er eit eigedomskart som i hovudsak svarar til kartet i vår matrikkel). All oppmåling av eigedomar i Austerrike vert utført av autoriserte private landmålarar, medan BEV fører katasteret. Her fekk vi m.a. studere på det materialet som vert levert inn til BEV av landmålararane ifm delingar og andre eigedomsoppmålingar. Vi fekk også vite at det østerrikske katasteret vart etablert i det dåverande keiserdømet Austerrike-Ungarn på 1800-talet, og modellen var Napoleons kataster. Etablering av katasteret vart etablert av militære landmålarar, arbeidet med å vedlikehalde systemet vart tilordna eit ”kammer” av landmålarar, i dag er dette Bundeskammer der Architecten und Ingenieurkonsulenten (BAIK). Systemet er slik svært ulikt vårt norske system, der kommunane utfører både oppmåling og registrerer i matrikkelen, utan kompetansekrav til landmålar.
I utflukta var det også lagt ei vitjing til Brenner Base Tunnel, som vil vere eit sentralt element i nye jernbanekorridoren frå Berlin til Palermo. Brenner Basistunnel er ein 55 km lang jernbanetunnel frå Innsbruck til Fortezza i Italia. Les meir om dette gigantiske samferdselsprosjektet på www.bbt-se.com
Avslutningsvis vart det arrangert eit internasjonalt symposium Cadastre2.0, fredag 28. september. I symposiet vart det drøfta utviklingstrekk for eigedomsregistreringssystema. Eit svært interessant spørsmål som vert stilt, er kva betydning internett-teknologien vil ha for denne type system. Peter Laarakker frå Nederland meiner at vi i framtida vil sjå at eigedomsgrenser vil verte målt opp og koordinatfesta av grunneigarane sjølve ved hjelp av stadig meir nøyaktig og rimeleg GPS teknologi, som så vil verte registrert i ymse former for internettbaserte kartsystem, som google.maps. I Nederland, som har eit statleg katastervesen, vil ein no møte denne utviklinga og opne for nettopp at grunneigarane sjølv kan få målt opp og registrert grensene som ein privat grenseavtale i det nederlandske katasteret, utan at oppmålinga vert utført av ein av dei ca. 300 statlege landmålarane i Kadaster.nl.
Linker:
Program for Commission 7 Meeting 2011 med foredrag (slides) finn du her.
Leiar av kommisjon 7 Daniel Roberge sin rapport finn du her.
Program for symposiet Cadastre 2.0 med foredrag (slides) finn du her, og på denne sida kan du også tinge trykt utgåve av proceedings (artiklar) som vart presentert ved symposiet.
Commission 7 sin websider finn du her.

- Norsk delegat til FIG kommisjon 7, Leiv Bjarte Mjøs på Zugspitze med ein fot i Austerrike og ein fot i Tyskland (eller omvendt).
På laurdagen, etter at det offisielle møtet og internasjonale symposiet var avslutta, fekk deltakarane høve til ei omvisning i området rundt Innsbruck og inn i Tyskland, herunder tur med taubane opp til Zugspitze, der vi fekk ein gjennomgang av forvaltninga av riksgrensa mellom Austerrike og Tyskland, av representantar for dei respektive kartverka. I eit fantastisk ver med ei fantastisk utsikt vart det sett punktum for eit særdeles interessant møte.

