Befolkningsvekst og urbanisering medfører større press på arealressursene. Ein stadig meir komplisert infrastruktur, som veg og bane over og under eigedomsmassen, gjer også sitt til eigedomsregistreringssystema må møte nye utfordringar. Korleis dokumentere nye og kompliserte strukturar når eigedomar skal registrerast lagvis? Desse problemstillingane vart 16-18. november belyst ved eit seminar ved Universitetet i Delft i Nederland – 2nd International Workshop on 3D Cadastres.
Arrangementet var, som tittelen tilseier, ei oppfølgjing av ein tilsvarande workshop som vart halde om dette temaet i november 2001, også då i Delft. Arrangørar var kommisjon 3 og kommisjon 7 i FIG, i samarbeid EuroSDR og TU Delft.
Rundt 60 deltakarar frå alle 5 verdensdelar møttest for å drøfte temaet, lære av kvarandre og forhåpentlegvis dra nytte av andres erfaringar ved utvikling av eigne nasjonale system. 3D eigedomar kan vere så mangt, både leiligheiter og volumeigedomar i form av tunnelar eller parkeringsanlegg, eller bygningar/konstruksjonar som vert etablert over den tradisjonelle eigedomen på jordoverflata. I vårt norske system har matrikkellova som vart innført i 2010, bestemmelsar om registrering av 3D eigedom i matrikkelen ved at den innfører ein ny eigedomstype anleggseigedom. Anleggseigedom vil typisk vere eit parkeringsanlegg under bakken, men kan også vere ein konstruksjon som strekker seg over andre grunneigedomar. Ein anna type 3D eigedom i vårt norske system er eigarseksjonar, som vanlegvis er leiligheiter.

Den gamle kyrkja i Delft synleggjer noko av problemstillinga med oppmåling i 3D. Kyrkja har sige og tårnet er rimeleg skjeivt. Korleis sikre samsvar mellom realitet og register i slike situasjonar?
Kataster er ein internasjonal begrep for eit systematisk og samanhengande eigedomskart, som i hovudsak tilsvarar eigedomskartet i vår matrikkel.
Ein konklusjon som kan trekkjast etter årets workshop i Delft er at framleis har ingen land etablert eit kataster som er 3D fullt ut, dvs. at eigedomseiningane er registrert i x,y,z. Det har ikkje vore særleg utvikling rundt 3D kataster gjennom dei 10 åra som har gått sidan den første workshopen vart halde i 2001. Ein anna konklusjon som kan trekkast er at det er behov for å utvikle eit felles begrepsapparat, for å samordne forsking og utvikling på dette området. Årets workshop var, som namnet tilseier, ei oppfølgjing av ein tilsvarande workshop som vart halde om dette temaet i november 2001, også då i Delft. Arrangørar var kommisjon 3 og kommisjon 7 i FIG, i samarbeid EuroSDR og TU Delft.Rundt 60 deltakarar frå alle 5 verdensdelar møttest for å drøfte temaet, lære av kvarandre og forhåpentlegvis dra nytte av andres erfaringar ved utvikling av eigne nasjonale system. 3D eigedomar kan vere så mangt, både leiligheiter og volumeigedomar i form av tunnelar eller parkeringsanlegg, eller bygningar/konstruksjonar som vert etablert over den tradisjonelle eigedomen som er knytt til jordoverflata. I vårt norske system har den nye matrikkellova som vart innført i 2010, bestemmelsar om registrering av 3D eigedom i matrikkelen ved at den innfører ein ny eigedomstype anleggseigedom, som typisk vil vere eit parkeringsanlegg under bakken, men som også kan vere ein konstruksjon som strekker seg over andre grunneigedomar. Ein anna type 3D eigedom i vårt system er eigarseksjonar, som vanlegvis er leiligheiter.

2D eigedomsgrenser i sentrum i Delft. Vi ser tydeleg grensa mellom privat og offentleg grunn, med solid grensemerking.
Kataster er ein internasjonal begrep for eit systematisk og samanhengande eigedomskart, som i hovudsak tilsvarar eigedomskartet i vår matrikkel. Ein konklusjon som kan trekkjast etter årets workshop i Delft er at framleis har ingen land etablert eit kataster som er 3D fullt ut, dvs. at eigedomseiningane er registrert i x,y,z. Det har ikkje vore særleg utvikling rundt 3D kataster gjennom dei 10 åra som har gått sidan den første workshopen vart halde i 2001. Ein anna konklusjon som kan trekkast er at det er behov for å utvikle eit felles begrepsapparat, for å samordne forsking og utvikling på dette området.
Gå til nettsidene for seminaret her: http://3dcadastres2011.nl/. Her vil du finne alle foredrag.
FIG Kommisjon 7 og 3 har ei felles arbeidsgruppe for 3D Eigedomsregister, arbeidsgruppa har eigne nettsider http://www.gdmc.nl/3DCadastres/, og her vil du også finne informasjon om workshop om emnet som vart arrangert i 2001.
Leiv Bjarte Mjøs

