Aktuelt

NJKF arrangerer 19.-22. september 2012 Nordisk landmålerkongress på Grand Hotel i Oslo. Gå til kongressens hjemmesider her:


Ledige stillinger

domstolprofil4

Eidsivating jordskifteoverrett
Utreder (jordskiftekandidat/ ingeniør)
(Hamar)
Les mer

FeFo farge jpg

Finnmarkseiendommen
Grunnforvalter
(Vadsø)
Les mer

header_logo

Her er det plass til din annonse
Ta kontakt for tilbud!
(Leiv.Bjarte.Mjos@hib.no)
Les mer

Kurs og konferanse

  • Nordisk landmålerkongress
    XXII Nordiske landmålerkongress blir arrangert på Grand Hotel.
    Når: 19.09.2012 - 22.09.2012
    Sted: Oslo
    Les mer

Areal og Eiendom og årsmøte 2011 i Drammen

Årets Areal og Eiendom vart gjennomført i Drammen 21. september som fagdag med påfølgjande årsmøte. På grunn av liten påmelding vart det opprinneleg 2-dagars arrangementet omgjort til ein fagdag. Dei omlag 30 frammøtte fekk presentert eit program med høgaktuelle tema og engasjerte foredragshaldarar.

Areal og Eiendom 2011
Etter opninga, som var ved president i NJKF Arve Leiknes, overtok plansjef i Drammen kommune Arne Enger med foredraget Universell utforming i Drammen fra planprosess til virkelighet. Universell utforming er å tilretteleggje for at alle grupper skal kunne bruke våre fellesareal, også for funksjonhemma i rullestol. Drammen kommune har m.a. fått  ”tilretteleggingspris” for prosjekt busstasjon frå Blindeforbundet. Eit anna prosjekt som kommunen gjerne trekker fram, er Ypsilon, som er ei gangbro over Drammenselva . Det var problem med stigninga på brua pga av krav til m .a høgde over elva. Dette vart løyst med Y-form som gjer stigninga mindre. Drammen har klart å halde fast ved ein strategi for korleis byen skal utvikle seg, tverrpolitisk, sidan 80-talet.

Advokatfullmektig Per Amund Uldalen frå Advokatfirmaet Haavind, hadde deretter ei grundig gjennomgang av nytt innanfor rettspraksis før årets fagprisvinnar og vinnar av studentprisen presenterte seg. Årets fagpris vart tildelt Inge Revhaug, vinnar av studentprisen var Halvard Bjerke. Det er meir informasjon om prisvinnarane på nettsidene her.

Derette presenterte Eivind Ramsjord og August Røsnes , henholdsvis PhD stud og professor ved UMB, foredraget Forholdet mellom PBL, Jordskifteloven og matrikkelloven. Dette emnet er også omtale i artikkel i Kart og Plan nr. 2/2011, og drøftar ei jordskiftesak i Oslo der jordskifteretten utfører matrikulære opprydding for ein større utbyggar, altså jordskifte med ein part. Her vart det absolutt temperatur i salen, ikkje alle ser at dette er ein opplagt sakstype for jordskifterettene å drive på med, og det vart stilt spørsmål om det er heimel i jordskiftelova for denne type saker.

Axel Bjørklid frå Nord-og Midhordland jordskifterett snakka deretter om Jordskifteretten i endring. Han ser for seg jordskifteretten som eit verktøy for å bidra til å stoppe utviklinga som vi har hatt med spreidd og tilfeldig utbygging.

Avslutningsforedraget før årsmøtet var ved Ivar Hebnes, som er leiar for Norske Jordskiftekandidaters forening – NJKB. Norske Jordskiftekandidaters bedriftsgruppe – en målrettet konsulentbransje? Det er i dag 3 aktive NJKF firma, som tilbyr ulike tenester, som grunnerverv, rettshjelp innan jordskifte, planlegging m.v. Bedriftene har høg kompetanse og allsidig bakgrunn. Bedriftene har mange utfordringar framover og har ambisjoner og ser nye moglegheiter.

Årsmøtet
Ved årsmøtet vart det ingen endringar i det sitjande styret. Leiar Arve Leiknes og styremedlem Dagfinn Kleiveland vart valde for 2 år i 2010. Leikny Gammelmo og Peder Solheim som var styremedlemer på val, vart attvalde for 2 år.  Det vart likeeins attval for studentmedlemet Mats Marthinussen og varamedlemene Nina Haugland og Solveig Renslo, alle valde for 1 år.

Dette skal tyde på at medlemene er tilfredse med det sitjande styret.

Det var ei grundig drøfting av den spørjeundersøkinga som har vorte gjennomført mellom medlemene om NJKF i framtida. På bakgrunn av innspela frå medlemene beslutta årsmøtet at namnet for foreininga no er NJKF, Faglig gruppe av Tekna. Norges Jordskiftekandidatforening er dermed historie.

Etter årsmøtet var det byvandring med plansjef Arne Enger som guide. Turen gjekk langsmed Drammenselva og innom Høgskolen i Buskerud sine nye og moderne lokaler. Det er ingen tvil om at Drammen har lukkast med å gjere områda langs Drammenselva tilgjengeleg for innbyggjarane, også dei med funksjonshemmingar som regelverket om universell utforming er utforma for.

På byvandring ved Drammenselva


Her finn du program for fagdagen:

Program fagdag 21.9.2011

og her finn du presentasjonane:

Universell utforming i Drammen fra planprosess til virkelighet ved Arne Enger

Nytt fra rettspraksis innen tingsrett – Per Amund Uldalen

Årets fagprisvinner – Inge Revhaug

Årets studentprisvinner – Halvard Bjerke

Forholdet mellom PBL, Jordskifteloven og matrikkelloven – Per Eivind Ramsjord og August Røsnes

Jordskifteretten i endring – Axel Bjørklid

Norges Jordskiftekandidaters bedriftsgruppe – en målrettet konsulentbransje? – Ivar Hebnes

Her finn du referat frå årsmøtet:

Referat årsmøte 2011